Donate/ThankYou/nn

<skin>Tomas</skin>


Ein takk frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales

Jimmy Wales
Kjære lesar


Sidan 1. juli har meir enn 125 000 av dykk gjeve fire millionar amerikanske dollar (nærare 30 mill. NOK). I tillegg har vi motteke store gåver og fondsstønad på heile to millionar amerikanske dollar (nesten 15 mill. NOK). I alt vil desse inntektene dekkje driftsutgiftene våre i rekneskapsåret som går fram til 30. juni 2009.

Gjennom ei gåve, vert du ein viktig støttespelar i arbeidet for å få kunnskap ut til folket, med finansiering av:

  • dagleg drift av tenarar, nettstadplass, bandbreidd og arbeidsstokken vår på berre 23 personar.
  • vidareutvikling og betring av den opne programvaren som alle Wikimedia-prosjekta brukar.
  • Wikipedia Academy-kurs der du og andre kan lære meir om bruk og redigering av Wikipedia.
  • stønad til å utvikle den internasjonale gruppa av frivillige så dei kan halde fram det strålande arbeidet sitt.

Du kan enno engasjere deg:

Alle gåver utover målet på seks millionar USD vert sette på eit reservefond, som kan hjelpe oss å dekkje driftskostnader i seinare rekneskapsår. Den vidare støtta kan også tene som ei etterlengta finansiell sikring dersom tilstanden i verdsøkonomien vert verre.

De har alle saman vist at Wikipedia betyr noko for dykk, og at de støttar målet vårt: Å gje fri kunnskap til heile verda, gratis og utan reklame. De har vore med på å gjere Wikipedia tilgjengeleg for heile verda.

I djup takksemd

Jimmy Wales

GJE NO »

Lær meir

Last modified on 5 January 2009, at 22:51