Last modified on 28 August 2008, at 21:03

Wikimedia treng di hjelp

Kunnskap er makt. Lat kunnskapen vera fri!

Wikimedia Foundation og alle prosjekta til stiftinga veks mykje fortare enn vi nokonsinne kunne drøyme om. Wikipedia.org har 800 millionar treff kvar dag, som gjer den til ein av verdas 50 mest besøkte webplassar. Det tyder at menneske overalt vender seg til våre prosjekt - Wikipedia, Wikibooks, Wikinews, Wiktionary, Wikisource, Wikiquote og Wikimedia Commons - som informasjons- og kunnskapskjelder dei stolar på.

Takka vere alle skribentane og brukarane som meinar at kunnskap er makt og at kunnskap bør vere fri, held prosjekta våre fram med å vekse fort. For å nå det målet treng vi di hjelp. Fleire og fleire tenarar (servarar) må kjøpast inn for å kunne handtere den aukande etterspørjinga. Tenarkostnadar, reisekostnadar og kontor- og administrasjonskostnadar må òg betalast. Vi må vere sikre på at viktige forandringar i programvaren MediaWiki, som våre prosjekt på alle språk brukar, held fram med å utførast raskt, tilgjengeleg og reklamefritt.

Vi vender oss til dykk igjen for å få hjelp til dette. Det er er pengegåvene dykkar som let oss halde fram med å vekse og forbetre vårt innhald. For å dekkje behova våre berre for neste kvartal treng Wikimedia Foundation 200 000 USD. Dette verkar kanskje som mykje pengar, men alle monnar dreg - dei fleste av donasjonane til oss er på 20 USD eller mindre. Bidrag kan gjevast i den valutaen du ynskjer. I USA og Tyskland får ein skattefrådrag for bidraga. Takk for tillit og sjenerøsitet!

Helsing
Jimmy Wales og medarbeidarane på Wikimedia

NB: Denne kampanjen kjem til å pågå frå fredag 19. august til fredag 9. september 2005.