Appeal/nn
Ein appell frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales
I dag ber eg deg om å gje ei gåve for å støtta Wikipedia.
Eg starta Wikipedia i 2001, og gjennom dei siste åtte åra, har eg vorte både forundra over og audmjuk av å sjå at hundretusenvis av frivillige har arbeidd i felleskap og saman har klart å byggje det største oppslagsverket i historia.
Wikipedia er ikkje ein kommersiell nettstad. Det er skapt av ein fellesskap, og vert i sin heilskap skrive og finansiert av menneske som deg. Over 340 millionar menneske nyttar Wikipedia kvar månad – nesten ein tredjedel av alle i verda som har Internett-tilgang. Du er ein del av dette nettsamfunnet.
Eg trur på oss. Eg trur at Wikipedia vert betre og betre. Det er det som er grunnideen. Ein person skriv noko, nokon forbetrar det litt, og med tida vert det betre. Viss du synest det er nyttig i dag, tenk kor mykje vi kan oppnå saman i løpet av 5, 10 og 20 år.
Wikipedia handlar om den makta vanlege menneske som oss har til å gjere ting utanom det vanlege. Menneske som oss skriv Wikipedia, ord for ord. Menneske som oss finansierer det. Det er eit prov på at vi saman kan vere med på å forandre verda.
Det er naudsynt å verne om den staden der dette viktige arbeidet skjer. Vi må verne om Wikipedia. Vi ønskjer å halde Wikipedia gratis og fri for reklame. Vi ønskjer å halde Wikipedia open, slik at du kan nytte informasjonen frå Wikipedia akkurat som du måtte ønskje. Vi ønskjer at Wikipedia skal vekse, slik at kunnskapen kan spreie seg overalt, og slik at alle kan vere med på å bidra.
Wikimedia-stiftinga er ein ideell organisasjon som eg starta i 2003 for å drive og verne om Wikipedia, og for å oppmode til at veksten i oppslagsverket held fram. For ti millionar dollar i året og med færre enn 35 tilsette, er ho ansvarleg for den femte mest brukte nettstaden i verda. Eg ber om di hjelp, slik at vi kan halde fram arbeidet vårt.
Tenk deg ei verd der kvart einaste menneske har fri tilgang til all menneskeleg kunnskap. Det er dit vi skal. Og med di hjelp, kjem vi oss dit.
Takk for at du brukar Wikipedia – du er ein del av denne historia. Ver venleg og gje bidraget ditt i dag.
Jimmy Wales
Grunnleggjar av Wikipedia