Donate/ThankYou/nn
Ein takk frå grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales
Kjære lesar
Sidan 1. juli har meir enn 125 000 av dykk gjeve fire millionar amerikanske dollar (nærare 30 mill. NOK). I tillegg har vi motteke store gåver og fondsstønad på heile to millionar amerikanske dollar (nesten 15 mill. NOK). I alt vil desse inntektene dekkje driftsutgiftene våre i rekneskapsåret som går fram til 30. juni 2009.
Gjennom ei gåve, vert du ein viktig støttespelar i arbeidet for å få kunnskap ut til folket, med finansiering av:
- dagleg drift av tenarar, nettstadplass, bandbreidd og arbeidsstokken vår på berre 23 personar.
- vidareutvikling og betring av den opne programvaren som alle Wikimedia-prosjekta brukar.
- Wikipedia Academy-kurs der du og andre kan lære meir om bruk og redigering av Wikipedia.
- stønad til å utvikle den internasjonale gruppa av frivillige så dei kan halde fram det strålande arbeidet sitt.
Du kan enno engasjere deg:
Alle gåver utover målet på seks millionar USD vert sette på eit reservefond, som kan hjelpe oss å dekkje driftskostnader i seinare rekneskapsår. Den vidare støtta kan også tene som ei etterlengta finansiell sikring dersom tilstanden i verdsøkonomien vert verre.
De har alle saman vist at Wikipedia betyr noko for dykk, og at de støttar målet vårt: Å gje fri kunnskap til heile verda, gratis og utan reklame. De har vore med på å gjere Wikipedia tilgjengeleg for heile verda.
I djup takksemd
Jimmy Wales
